Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > Especialistas en políticas de administración > Førstekonsulent Ekspedisjon Sogndal

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Førstekonsulent ekspedisjon Sogndal. Noruega

Búsqueda en Noruega de Especialistas en políticas de administración

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Especialistas en organización de administración : Especialistas en políticas de administración.

Professionals : Business and administration professionals : Administration professionals : Policy administration professionals

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4344891948 Presentasjon av stillingen:

I Vest politidistrikt er det ledig fast stilling som førstekonsulent, SKO 1408, ved Sogn lensmannsdistrikt, GDE Sogn og Fjordane.

Sogn lensmannsdistrikt består av 5 tenenestestader: Aurland, Lærdal, Årdal, Vik og Sogndal, som dekkjer kommunane Sogndal og Luster. Stillinga er stadsplassert i Sogndal med oppgåver i hovudsak knytt til publikumsekspedisjon med bla. saksbehandling/kontrollinje av pass og ID-kort for heile Sogn.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming pass og ID-kort
  • ID-kontroll, person og dokumentkontroll (GTK)
  • Publikumsekspedering i skranke og på telefon
  • GTK Schengenkontroll
  • Posthandtering fysisk og elektronisk
  • Forkynningar i sivile-og strafferettslege saker
  • Enkle forvaltningsoppgåver knytt til hittegods, våpenforvalting, køyresetlar, tapsmeldingar, osv.
  • Merkantile oppgåver som enkel rekneskapsføring, arkiv, varebestillingar
  • Signalering og andre støtteoppgåver til politi
  • Andre oppgåver pålagt av leiar

Kvalifikasjonar

  • 3-års utdanning på høgskole- eller universitetsnivå
  • Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan kompensere for kravet til utdanning
  • God system- og IT-kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må

innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlege eigenskapar

  • Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
  • Ta ansvar og jobbe sjølvstendig
  • Samarbeide godt, vere fleksibel og løysingsorientert
  • Vere serviceinnstilt og flink med folk

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir lønna som førstekonsulent SKO 1408 i LR 21, alt. 4 i spennet frå ltr. 40/kr. 387.900 til ltr. 49/kr. 444.700 brutto per år, avhengig av ansiennitet
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/ for meir info)

Generelt

For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.

Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Ref. nr. 21/16665

Kontaktinformasjon

Magne Straumstein, Lensmann, 57629110

For spørsmål om elektronisk søknad/CV, Seksjon for HR, 55556300, 207.HRpolitiet.no

Arbeidsstad

Fjørevegen 20

6856 Sogndal

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Vest politidistrikt

Referansenr.:4344891948

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 04.03.2021

Om arbeidsgiveren:

Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: SOGNDAL POLITISTASJON.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:78817923-c5f5-46ad-915e-ba9b8ea164eb.

Ver las 566 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Especialistas en organización de administración : Especialistas en políticas de administración ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: