Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > Directores de administración y servicios > Einingsleiar

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Einingsleiar. Noruega

Búsqueda en Noruega de Directores de administración y servicios

Clasificación del trabajo: Directores y gerentes : Directores administradores y comerciales : Directores de administración y servicios : Directores de administración y servicios no clasificados bajo otros epígrafes.

Managers : Administrative and commercial managers : Business services and administration managers : Business services and administration managers not elsewhere classified

Descripción de la oferta de trabajo:

Org.nr.:921244207 Stillingsident: 21/3067 Presentasjon av stillingen :

Vil du vere med å drifte og utvikle bygg for framtida?

Bli ein del av ein moderne kommune med ein brei bygg- og eigedomsportefølge.

Sunnfjord kommune er ein nyetablert kommune som består av dei fire tidligere kommunene Førde, Naustdal, Gaular og Jølster, og er med det den største kommunen i distriktet. Dette gjer kommunen til ein stor bygg- og eigedomseigar med alt frå skular og idrettshallar til kulturbygg og bueiningar. Vi har eit bredt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennende og variert arbeidskvardag.

Som einingsleiar for Bygg- og eigedomsforvaltning (BEF) vil du få ei leiarrolle som gir deg moglegheit til å både være med å påvirke korleis kommunen og samfunnet skal utvikle seg i framtida, og også leie fleire byggeprosjekt. BEF har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av alle bygningane som Sunnfjord kommune eig. I tillegg er eininga tiltakshavar ved kommunale byggeprosjekt og arbeidet krev tett samarbeid med andre einingar i kommunen og eksterne aktørar. Du kjem til å leie og ha økonomi- , personal- og driftsansvar for om lag 30 årsverk.

BEF er ei av ca. 80 einingar i Sunnfjord kommune, og er inndelt i 3 avdelingar:

  • ei avdeling som har ansvar for administrasjon og dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av bygningane og dei tekniske installasjonane.
  • ei avdeling som har ansvar for utleige av (kommunale) bustader.
  • ei avdeling som har ansvar for alle (bygge)prosjekt i Sunnfjord kommune.

Vi søker etter ein leiar med høg kompetanse innan bygg og økonomi

Vi ser etter deg med høgare utdanning og praksis innenfor bygg og økonomi, men lang relevant praksis kan kompensere for manglende utdanning. Har du kunnskap om offentleg forvaltning er det eit stort pluss, men ikkje eit krav. Det du derimot må ha for å lykkast i rolla som einingsleiar er erfaring frå ei leiarstilling der element som drift, økonomi og personal har stått sentralt. Det er også viktig med god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Du må også ha evne og vilje til å leie eininga i samsvar med våre leiingsprinsipp: engasjert -- inkluderande -- nær.

Er du klar for ei spennande leiarrolle i Sunnfjord kommune? Vi håpar det!

Som tilsett i Sunnfjord kommune vil du oppleve fagleg og personleg utvikling gjennom intern opplæring i sektorane og relevante kurs du har bruk for i din arbeidskvardag. Vi tilbyr fleksitid og gode lønns- og arbeidsvilkår.

Du søker med vårt elektroniske søknadsskjema.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Kommunalsjef Trond Ueland, Mobil +47 913 37 410, Epost: trond.uelandsunnfjord.kommune.no

Om arbeidsgiveren:

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: SUNNFJORD KOMMUNE BYGG OG EIENDOMSFORVALTNING.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:29f39d29-f288-4d00-839b-e95ab8cba219.

Ver las 191 ofertas de trabajo de Directores y gerentes : Directores administradores y comerciales : Directores de administración y servicios : Directores de administración y servicios no clasificados bajo otros epígrafes ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: