Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Especialistas en políticas de administración > Einingsleiar Nav, Nye øygarden Kommune

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Ofertas de trabajo de Especialistas en políticas de administración en Hordaland (Noruega)

Einingsleiar Nav, Nye øygarden Kommune

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Especialistas en organización de administración : Especialistas en políticas de administración.

Professionals : Business and administration professionals : Administration professionals : Policy administration professionals

Descripción de la oferta de trabajo:

Kort om stillinga

NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet.

NAV skal gje menneske moglegheiter. Vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og

engasjement og som ønskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.

Arbeids- og velferdsetaten og kommunen er likeverdige eigarar av NAV-kontoret, og begge instansar er såleis involvert i

arbeidet med å utvikle NAV Nye Øygarden. Det skal sikrast at arbeidsgivarar og brukarar har tilgang til heilskaplege og

kvalitativt gode tenester frå NAV.

Det er semje mellom Arbeids- og velferdsetaten og kommunane at leiaren for NAV Øygarden skal ha ein felles leiar

med kommunalt tilsetjingstilhøve. Nye Øygarden kommune søkjer i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten leiar for

NAV-kontoret. NAV vert organisert innan kommunalsjefområdet Helse og velferd. Den kommunale delen av NAV skal

vera ein minimumsløysing, det vil seie yte tenester etter lov om sosiale tenester og gjeldsrådgjeving. Det er særs viktig

at prinsipp om nærteneste vert overhalde.

Arbeidsoppgåver

Medverka til å realisere NAV reforma i samarbeid med kommunen

Resultatansvar knytt til målet om fleire i arbeid/aktivitet og færre på stønad

Utvikla kontoret og medarbeidarane

Einingsleiar skal sikra samhandling, heilskap og fleksibilitet innan fagområda

Fag, personal og økonomiansvar

Bidra til å sikra samordning og samhandling på tvers i organisasjonen

Vera pådrivar for gode rutinar, systemretta arbeid og effektiv tenesteyting ved bruk av teknologi og digitalisering

Aktiv kontakt med næringslivet, offentlege etatar og organisasjonar

Bidra til langsiktig, strategisk og tverrfagleg utvikling

Sikra målet om effektiv drift og utvikling av velferdstenestene med særleg fokus på brukarane sine behov

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar for stillinga

Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå

Erfaring frå strategisk planarbeid, budsjettarbeid og økonomistyring

Erfaring frå samhandling med tilsette sine representantar

Dokumentert resultatoppnåing, gjennomføringsevne- og vilje

Relevant leiarerfaring

Leiarerfaring frå omstillingsprosessar

Andre Krav

Gode haldningar til samarbeid

Erfaring med plan- og utviklingsarbeid

Erfaring og gode resultat frå personalleiing

God økonomi- og budsjettforståing

Kompetanse innan IKT, saksbehandling og offentleg forvaltning

Det er ønskjeleg med endringskompetanse

Personlege egenskaper

Evne til å byggje relasjonar og resultat gjennom involvering og medverknad

Stort engasjement for å utvikle tenester til innbyggjarar og arbeidsliv

Evne å skapa tydelege forventningar, gi støtte, utvikla og inspirere medarbeidarar

Evne å kommunisera godt skriftleg og munnleg

Evne til å arbeida målretta og systematisk

Stor arbeidskapasitet med evne til å prioritera

Nytenkjande og visjonær og må vere drivkraft frå idé til gjennomføring

Løysingsdyktig og ha god gjennomføringskraft

Raus, fleksibel og open for endringar og nye initiativ som kan skape betre løysingar.

Forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv

Tydeleg og strukturert

Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne

Evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt, herunder handtere dei leiarmessige utfordringane

som er knytt til den todelte leiarmodellen

Søknad

Nye Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing

kring søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget i Øygarden kommune på tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.

Medlemskap i pensjonsordning hos KLP eller SPK. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Nye Øygarden

kommune er IA- verksemd.

Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har

oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom

søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.

Søknadsfrist 25.06.2019 Utlyst dato 11.06.2019 Vårref 305

Kontaktpersoner:

Line Barmen, Kommunalsjef Helse og velferd, tlf: 99377018, line.barmenfjell.kommune.no

Bjarte Hysing-Olsen, Assisterande direktør NAV Vestland, tlf: 48247318

Åse Vik, Prosjektleiar nye Øygarden kommune, tlf: 93005178, asvoygarden.kommune.no

Se annonse

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 484 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: NAV Øygarden.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:12461906000035.

Ver las 348 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Especialistas en organización de la administración pública y de empresas : Especialistas en organización de administración : Especialistas en políticas de administración ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: