Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > inspector de soldaduras/inspectora de soldaduras > Velkomen Til Oss I Barnehagen!

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Velkomen til oss i barnehagen!. Agder. Noruega

Empleos en Noruega (Agder) de inspector de soldaduras/inspectora de soldaduras

Clasificación del trabajo: Técnicos y profesionales de nivel medio › Profesionales de las ciencias y la ingeniería de nivel medio › Técnicos en ciencias físicas y en ingeniería › Técnicos en ingeniería mecánica › ingeniero técnico de mecánica/ingeniera técnica de mecánica › inspector de soldaduras/inspectora de soldaduras.

Traducción de la profesión: Technicians and associate professionals › Science and engineering associate professionals › Physical and engineering science technicians › Mechanical engineering technicians.

Descripción de la oferta de trabajo:

Valle kommune er stadig i vekst, og me treng fleire gode medarbeidarar!

I Valle og Hylestad barnehagar er me ein gjeng trivelege tilsette med godt humør og med eit engasjement for å jobbe med barn. Me arbeider dagleg og målbevisst me å gi barn og unge ein god barndom samtidig som me har det moro på jobb, og det er ein veldig god kombinasjon i arbeidskvardagen! Har du lyst til å jobbe saman med oss, og i tillegg har ei utdanning som barnehagelærer eller barne- og ungdomsarbeidar? Då bør du gripe denne sjansen til å søkje jobb i Valle og Hylestad barnehagar! Me ser fram til å høyre frå deg! 

Me har frå 01.08.2024 ledig

  • minst 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar
  • minst 100% fast stilling som barnehagelærar

I tillegg er det moglegheiter for at det vert ledig andre vikariat, og me treng ringevikarar.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar/medansvar for å planlegge, gjennomføre, dokumentere pedagogisk arbeid i barnehagen
  • Omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa
  • Foreldresamarbeid
  • Vere ein god rollemodell
  • Bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • Aktiv deltakelse i utviklinga av barnehagen som ein lærende organisasjon 
Kvalifikasjonar
  • Godkjent barnehagelærarutdanning eller godkjent barne- og ungdomsarbeidar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved godkjenning frå NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse ) 
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Anna relevant utdanning kan vurderast i høve kvalifikasjonskrav
  • Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Evne til sjølvstendig og målretta arbeid
  • Positiv, løysningsorientert og engasjert
  • Varm, tydeleg og sensitiv vaksen
  • Vere open for utvikling og endring
  • Evne til å ta ansvar når det trengs
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt
Me tilbyr
  • løn tilsvarande 10 års ansiennitet for dei som vert tilsett fast eller i lengre vikariat som barnehagelærar/barne-og ungdomsarbeidar
  • ellers løn etter gjeldane tariff
  • eit spennande fagleg miljø i endring og utvikling
  • godt arbeidsmiljø og engasjerte vaksne
  • bedriftsleiligheit i Kristiansand sentrum for tilsette i Valle kommune
  • svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
  • ei trivelig bygd å bu i
  • fantastiske moglegheiter for friluftsliv
  • kort avstand til alpinanlegg
  • gratis barnehage frå august 2024

 

Viktig for søknaden din:

  • CV skal skrivast i Webcruiter-malen
  • Attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
  • Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. 
  • Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
  • Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

     

    Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

KontaktinformasjonTorgeir Andreas Helle, Leiar, 94284357

Arbeidssted

 Valle kommune

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Valle kommune

Referansenr.: 4788341108

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 07.04.2024

Om arbeidsgiveren:

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

 Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

 

País del trabajo: Noruega.

Región: Agder.

Ver 44 ofertas de trabajo en "Agder" (Noruega).

Número de puestos: 2.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 23 de Marzo de 2024, y con identificador de la vacante:dc6c0c73-c980-49fd-8cad-c0f782ec71d5.

Ver las 2 ofertas de trabajo de Técnicos y profesionales de nivel medio › Profesionales de las ciencias y la ingeniería de nivel medio › Técnicos en ciencias físicas y en ingeniería › Técnicos en ingeniería mecánica › ingeniero técnico de mecánica/ingeniera técnica de mecánica › inspector de soldaduras/inspectora de soldaduras ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: