Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Médicos generales > Dagleg Leiar Sunnhordland Interkommunale Legevakt Iks

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Dagleg leiar Sunnhordland interkommunale legevakt IKS

Ofertas de Médicos generales en Noruega

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos generales.

Professionals : Health professionals : Medical doctors : Generalist medical practitioners

Descripción de la oferta de trabajo:

Me søkjer etter ein dyktig og sjølvstendig leiar som har ansvar for leiing, utvikling og dagleg drift av selskapet.

Sunnhordland interkommunal legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 34.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. I tillegg til ei velfungerande legevakt driftar selskapet 9 senger i same bygg, 4 kommunale øyeblikkeleg hjelp døgnsenger og 5 kommunale observasjonssenger. Dagleg leiar rapporterer til styre for selskapet. Selskapet har eit driftsbudsjett på ca.35 mill.kr. og har om lag 65 tilsette.

Me søkjer etter ein dyktig og sjølvstendig leiar som har ansvar for leiing, utvikling og dagleg drift av selskapet. I samarbeid med medarbeidarar, skal du sikre at innbyggjarane får legevakttenester og kommunale akutte døgnsenger med høg fagleg og tidsmessig kvalitet. Selskapet dekker også legevakttelefon for kommunane Kvinnherad og Tysnes.

Selskapet har ein sentral rolle i kommunane sin akutte beredskap. Dette inneber tett samhandling med kommunane, helseføretak, politi og andre naudinstansar. Selskapet har nyleg starte prosjekt for utvikling av det palliative tilbodet, i tett samarbeid med dei aktuelle kommunane.

Arbeidsoppgaver og ansvarsområde er m.a. :

  • Dagleg drift og utvikling av legevakt, akutt -- tenester og interkommunale døgnsenger.
  • Leiing, økonomistyring og personalutvikling, herunder HMS
  • Legge til rette for kvalitet og fagutvikling av tenester og medarbeidarar
  • Samhandling med eigarkommune/styret om strategi, drift og utvikling.
  • Yte tenester i tråd med lov og faglege retningsliner.

Kvalifikasjoner:

  • Du har relevant Helsefagleg bakgrunn og praksis - kjennskap til drift av helsetenester
  • Du har leiarutdanning og /eller leiarpraksis frå offentleg og/eller privat verksemd.
  • Du kan vise til god gjennomføringsevne og skaper resultat gjennom målretta og strategisk arbeid
  • Du skaper gode relasjonar internt og eksternt
  • Du er robust, har god arbeidskapasitet og evne til å prioritere og styre ressursar.
  • Du er god til å bygge team, stimulerer til fagutvikling og samarbeid
  • Du trives med bruk av IT og digitale løysingar
  • Personlege eigenskaper vert tillagt stor vekt.

Me tilbyr:

  • Sjølvstendig, spennende leiarstilling med varierte oppgaver og mulighet for å utvikle organisasjon og deg som leiar.
  • Tverrfagleg og sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling
  • Eit arbeid der du har stor kontaktflate med dyktige samarbeidspartar
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtale.
  • Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For nærare opplysningar, kontakt gjerne leiar i styret Kjell Magnar Mellesdal tlf. 480 29 947

Om arbeidsgiveren:

null

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: BØMLO KOMMUNE HABILITERINGSTENESTA.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:cb933408-8f82-41e3-9858-b1ab0dbe04ff.

Ver las 385 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos generales ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: