Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Oferta de trabajo en Noruega > Urbanistas e ingenieros de tránsito > Byggherrestøtte - Veg Og Infrastruktur I Vestland

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Contrato de Urbanistas e ingenieros de tránsito en Hordaland (Noruega)

Byggherrestøtte - Veg Og Infrastruktur I Vestland

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de las ciencias y de la ingeniería : Arquitectos, urbanistas, agrimensores y diseñadores : Urbanistas e ingenieros de tránsito.

Professionals : Science and engineering professionals : Architects, planners, surveyors and designers : Town and traffic planners

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: 938626367 Stillingsident: 4141023714 Presentasjon av stillingen:

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Seksjon for vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane. Driftsoppgåver er å følgje opp

drifts-/elektroentreprenørane sitt arbeid og bestille tilleggsarbeid hjå desse, og

syte for best mogleg framkomst på vegane. Vedlikehaldsoppgåver er bestilling og

oppfølging av dekkelegging, bru/kaivedlikehald, tunneloppgradering og andre

vedlikehaldsoppgåver. Dei viktigaste oppgåvene er planlegging av arbeid, utarbeiding av grunnlag for

budsjettsøknader, oppfølging av entreprenør og økonomioppfølging innan tildelte

midlar.

Planlegging og Utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, g-s vegar, tunnelar og bruer i Vestland

fylkeskommune. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet;

planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og

utbygging/byggherre. Byggherremiljøet er delt i 3 geografiske einingar,

Prosjekt Nord (Sogn og Fjordane), Prosjekt Sør (Hordaland) og Prosjekt Bergen.

Stillingar og arbeidsoppgåver

Byggherrestøtte - Prosjekt Bergen og Prosjekt nord, Drift nord, Vedlikehald nord og Vedlikehald sør.

8 stillingar lokalisert i Leikanger, Eid, Førde eller Bergen. Kontakt einingsleiar for spørsmål.

  • Ulike oppgåver knytt til investering, drift og vedlikehald
  • Det kan vere oppgåver innan kvalitetsoppfølging, HMS, økonomi

Kvalifikasjonar

  • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.
  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år. Omfattande

    og relevant erfaring, samt gode personlege føresetnader kan kompensere for manglande formell utdanning

  • Erfaring innan fagområdet
  • Det er ein fordel med erfaring frå kontraktsarbeid, kjennskap til HMS- arbeid og relevante IKT- system

Personlege eigenskapar

Vi er ute etter medarbeidarar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorienterte og har og gjennomføringsevne.

Vi tilbyr

  • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår

Andre opplysningar

Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg

om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg

også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det

er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om

dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med

den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.

Kontaktinformasjon

Eivind Yttri, Seksjonssjef vedlikehald, drift og beredskap, 90830854

Åsmund Sekse, Leiar vedlikehald sør, 41242571

Jorunn Hillestad Sekse, Leiar vedlikehald nord, 97425209

Gunnar Solbakken, Leiar prosjekt nord, 91109391

Cathrine Botnevik, Leiar Prosjekt Bergen, 93871300

Arbeidsstad

Agnes Mowinckels gate 5

5008 Bergen

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Hordaland fylkeskommune

Referansenr.:4141023714

Stillingsprosent: 100%

Startdato: 01.01.2020

Søknadsfrist: 23.10.2019

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 464 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 8.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAMFERDSELS.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:12091910000222.

Ver las 19 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de las ciencias y de la ingeniería : Arquitectos, urbanistas, agrimensores y diseñadores : Urbanistas e ingenieros de tránsito ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: