Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > bibliotecario/bibliotecaria > Biblioteksjef
en Español in English auf Deutsch en Français ...
Biblioteksjef. Innlandet. Noruega
Ofertas en Noruega (Innlandet) de bibliotecario/bibliotecaria
Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales › Archivistas, bibliotecarios, curadores y afines › Bibliotecarios, documentalistas y afines › bibliotecario/bibliotecaria.
Traducción de la profesión: Professionals › Legal, social and cultural professionals › Librarians, archivists and curators › Librarians and related information professionals.
Descripción de la oferta de trabajo:
Er du vår nye biblioteksjef for Vågå bibliotek?
Vi har ledig 100% stilling som biblioteksjef frå 1. april 2023, og søkjer deg som vil vere med på å vidareutvikle biblioteket, både som møteplass for alle aldersgrupper og arena for opplevingar og meiningsutveksling.
Vågå bibliotek er plassert i Vågåmo sentrum og har pr. i dag totalt to 100 % stillingsheimlar. Biblioteket ønskjer å vere ein viktig møteplass, debatt- og kulturarena i bygda og skal vere eit bibliotek for alle aldersgrupper. Formidling for barn og unge er ei prioritert oppgåve, og biblioteket samarbeider godt med barnehagane og skulane i Vågå.
Biblioteket har ca 20 000 utlån i året (2021). Gjennom året er det fleire arrangement og forfattarbesøk på biblioteket. Vågå bibliotek opna Vågå gamingrom i 2021, og er i tillegg ansvarlege for utlån av sportsutstyr frå utstyrssentralen. Vågå bibliotek er utviklingsorientert og arbeider mot meirope bibliotek.
Biblioteket samarbeider om bibliotektenester og kulturarbeid med nabokommunane. Biblioteket er del av barnehage, utdanning- og kultursektoren i kommunen og rapporterer til tenesteleiar for kultur.
Arbeidsoppgåver
Som biblioteksjef er du ansvarleg for
- Leiing og dagleg drift av biblioteket
- Utvikling av biblioteket i tråd med samfunnet og brukarane sine behov
- Oppfølging av personalet og personalutvikling
- Økonomistyring med ansvar for budsjett og rekneskap
- God samhandling med skulane, barnehagane, dei andre tjenestene i kommunen og eksterne samarbeidspartar
- Delta i, og medverke til å vidareutvikle det interkommunale samarbeidet om bibliotektenester og kulturoppgåver
- Skrankevakter i biblioteket si opningstid, noko arbeid på kveld og på laurdagar
Kvalifikasjonar
- Kvalifikasjonar som fagutdanna biblioteksjef eller tilsvarande utdanning
- Relevant leiarerfaring
- God økonomikunnskap og -forståing
- Samfunnsorientert, litteratur- og kulturinteressert
Vi vektlegg at du er
- tydeleg, open, raus og kreativ og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har god avgjerds- og gjennomføringsevne
- er positiv, med evne til å involvere og skape engasjement
- har evne til omstilling og nytenking
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
- har grunnleggjande kjennskap og gode haldningar til bruk av IKT
Relevant praksis og personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte:
Kommunalsjef Hilde Reitan, tlf 48 23 41 01.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottakvaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 01.02.2023.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om arbeidsgiveren:
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har ca 3600 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Er du glad i friluftsliv kan du i Vågå kommune kombinere jobb med eit kvardagsliv nærme naturen med skog, fjell og gode fiske- og jaktmoglegheiter som gjev spennande naturopplevingar. Vågå har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter. Vågå har moderne kulturhus, kino og galleri.
País del trabajo: Noruega.
Región: Innlandet.
Ver 461 ofertas de trabajo en "Innlandet" (Noruega).
Número de puestos: 1.
Empleador: VÅGÅ KOMMUNE VAKSENOPPLÆRINGA.
Instrucciones para solicitar:
Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 01 de Febrero de 2023, y con identificador de la vacante:e7cdd4e3-8a39-4ef5-a9ef-a95193d33c10.
Ofertas de trabajo similares:
- ID 1994 Bibliotekar – Eining for kultur. Noruega, 26 Mar. 2023.
- Bibliotekar - vikariat. Noruega, 24 Mar. 2023.
- Ulstein vgs - Fast stilling som bibliotekar i 90%. Noruega, 12 Feb. 2023.
- Barnebibliotekar ved Enebakk bibliotek - Vikariat. Noruega, 20 Ene. 2023.