Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Maestros preescolares > Barnehagelærar/pedagogisk Leiar

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Barnehagelærar/pedagogisk leiar. Rogaland. Noruega

Trabajos de Maestros preescolares en Rogaland (Noruega)

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares : Maestros preescolares.

Professionals : Teaching professionals : Primary school and early childhood teachers : Early childhood educators

Descripción de la oferta de trabajo:

Barnehagelærarar og pedagogiske leiarar ved fleire av dei kommunale barnehagane i Vindafjord.

Det er ledig både faste stillingar og vikariat i inntil 100% storleik.

Stillingane er ledige frå 15.08.20, og vikariata er ledige fram tom. 14.08.21.

Kvalifikasjoner

- Godkjent utdanning som barnehagelærar

- Det er ønskeleg med erfaring frå barnehage

- Personen må vera skikka til å jobbe i ein av våre barnehagar, difor vil det verta lagt vekt på korleis søkjaran er eigna

- Det krevs godkjent politiattest ved tilsetjing

Andre opplysninger

Kommunen har barnehagar i alle bygder, alt frå einingar der barnehage og skule utgjer oppvekstsenter og til barnehage med fleire avdelingar. Det er behov for pedagogar i barnehagane som følgjer:

Sandeid barnehage - 180% vikariat for pedagogisk leiar

Skjold barnehage - 240% vikariat for barnehagelærar

Vikebygd barnehage - 100% pedagogiskleiar, fast

Vågen barnehage - 80% vikariat for barnhagelærar

Stillingane er ein del av grunnbemanninga.

Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Personlege egenskaper

Me ynskjer deg som har gode leiar- og samarbeidsegenskapar. Er utadvendt, fleksibel, kan forstå barna sine behov og evner å byggja relasjonar. Me ynskjer at du skal bidra til å utvikla barnehagen, er sjølvstendig, strukturert og har eit fagleg engasjement. Du må kunne delta i fysisk aktivitet med barna, og vera med å ta initiativ og ansvar for eigen og andre sin trivsel.

Me kan tilby

- Fagleg mentor for nyutdanna lærarar

- Variert arbeid i positivt miljø

- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson

- God opplæring og samarbeid med andre

- Rabatt på treningsenter

- Bedriftskunstlag

- Tilsetjing på vanlege vilkår

- Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning

- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Søknad sendes

Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.

Kontaktperson

Aina Apeland, Einingsleiar, tlf: 53655885, mobil: 91333225, Aina.Apelandvindafjord.kommune.no

Sofie Haugland, Einingsleiar, tlf: 53655880, mobil: 93400190, sofie.hauglandvindafjord.kommune.no

Anne Marte Waage Tveit, Einingsleiar, tlf: 53655730, mobil: 92241257, anne.marte.waage.tveitvindafjord.kommune.no

Anne Grethe Gravdal, Einingsleiar, tlf: 53655873, mobil: 95790787, anne.grethe.gravdalvindafjord.kommune.no

Om arbeidsgiveren:

Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera

sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje bådemot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

País del trabajo: Noruega.

Región: Rogaland.

Ver 580 ofertas de trabajo en "Rogaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de puesto: Contratación directa.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: VINDAFJORD KOMMUNE SERVICE- OG FELLESTJENESTER.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:02f429df-ca2f-41fd-b7bc-e6d8f1723bbe.

Ver las 1,197 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la enseñanza : Maestros de enseñanza primaria y maestros preescolares : Maestros preescolares ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: