Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Directores de servicios de educación > Avdelingsleiar øystese Skule

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Contratación de Directores de servicios de educación en Noruega (Hordaland)

Avdelingsleiar øystese Skule

Clasificación del trabajo: Directores y gerentes : Directores y gerentes de producción y operaciones : Directores y gerentes de servicios profesionales : Directores de servicios de educación.

Managers : Production and specialised services managers : Professional services managers : Education managers

Descripción de la oferta de trabajo:

Org. nr: - Stillingsident: 4157539869 Presentasjon av stillingen:

VIL DU VERA MED Å UTVIKLA KVAMMASKULEN?

Me søkjer etter avdelingsleiar til 100 % stilling, ledig frå 01.02.2020

Øystese skule har 255 flotte elevar i 1-7 klasse. Skulen har eit aktivt godt arbeidsmiljø og ein god delingskultur. Skulen satsar og blant anna på gode fellesopplevingar. Me har tilsett miljøarbeidar frå skuleåret 2019-20 som er med på å fremja trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen har god aldersspreiing hjå dei tilsette og ei nokolunde jamn fordeling mellom menn og kvinner.

Rektor og 2 avdelingsleiarar er leiarteamet ved skulen. Rektor har ansvar for den totale drifta pedagogisk, administrativt og økonomisk, medan avdelingsleiarane er fag- og personalleiarar for kvar sine hovudsteg. Målet er tydeleg pedagogisk leiing, å vera tett på i det pedagogiske og relasjonelle arbeidet, og utvikla skulen som lærande organisasjon gjennom teamarbeid. Avdelingsleiar arbeider både på individnivå og systemnivå for å utvikla eit trygt og godt skulemiljø. Det er lagt noko undervisning til stillinga. Leiinga arbeider tett med skuleeigar, og samarbeider med PPT, helsesjukepleiar, psykolog, barnevern og familiesenteret.

Kvammaskulen skal vera ein god stad å læra og ein god stad å vera, og me har fokus på godt og trygt skulemiljø for alle.

Barnehagar og skular vidarefører felles utviklingsarbeid med fokus på læringsmiljø og pedagogisk analyse (LP), nyare skuleforsking og oppfylgjing av kartleggingsresultat.

Klasseleiing og relasjonsbygging er fokusområde for oss. Kompetanseheving og fagleg satsing skuleåret 19/20 er hovudsakleg fagfornyinga.

Skulen har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Vårt elevsyn er at born gjer så godt dei kan, og at born ikkje er vanskelege, men kan ha det vanskeleg.

I Kvam herad nyttar me felles leiarverktøy:

Leiarskap- og medarbeidarskapsplattform: mestringsorientert, innovatørar og effektjegar, lagspelar, profesjonelle og innovatørar.

10-faktorundersøking og mestringsorientert leiarskap.

Lean-filosofi og metodikk, med verdi for brukar i sentrum.

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar må du:

  • kunna leia og motivera til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
  • støtta rektor i å driva skulen i samsvar med politiske vedtak og rammer
  • arbeida/leia både på individ- og systemnivå
  • delta i utvikling av kollektiv kapasitet ved Kvammaskulane
  • vera ein trygg og tydeleg personalleiar som både støttar og utfordrar
  • leggja til rette for at lærar/fagarbeidar kan utføra oppgåvene sine på ein god måte

Kvalifikasjonar

  • Godkjent pedagogisk kompetanse for undervisning på barnetrinnet
  • Naudsynte leiareigenskapar, jf Opplæringslova § 9-1.
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden
  • Erfaring frå barneskule
  • Har leiarutdanning (f.eks rektorskolen) og /eller erfaring med leiing

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på personelege eigenskapar som:

  • evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
  • god kommunikasjonsevne, relasjonelt, skriftleg og munnleg
  • kan arbeida strukturert og systematisk
  • kan utvikla teamarbeid og skulen som lærande organisasjon
  • kan setja i verk og driva utviklingsprosessar på ein motiverande måte
  • evnar å sjå heilskapleg og kan arbeida systemretta både internt på skulen og i arbeidet med å utvikla Kvammaskulen

Me tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og teamkultur

  • systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet

  • spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

  • løn etter sentralt og lokalt lønnsystem

  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

    Generell informasjon:

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

    I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

    Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Grete Iversen, Rektor Øystese skule, 416 30 150

Beate Gauden, Leiar barnehage og skule, (+47) 905 91 182

Arbeidsstad

5610 Øystese

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Kvam herad

Referansenr.:4157539869

Stillingsprosent: 100%

Søknadsfrist: 01.12.2019

PAM

País del trabajo: Noruega.

Región: Hordaland.

Ver 532 ofertas de trabajo en "Hordaland" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Tipo de contrato: Jornada completa.

Empleador: Øystese barneskule.

Instrucciones para solicitar:

See jobdescription

Identificador de la vacante:12381911000010.

Ver las 97 ofertas de trabajo de Directores y gerentes : Directores y gerentes de producción y operaciones : Directores y gerentes de servicios profesionales : Directores de servicios de educación ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: