Ir a la versión más ligera, para móviles
en Español in English auf Deutsch en Français ...

Vacante de Gerentes de centros deportivos, de esparcimiento y culturales en Noruega (Telemark)

Arrangements- Og Markedsleiar



Clasificación del trabajo: Directores y gerentes : Gerentes de hoteles, restaurantes, comercios y otros servicios : Otros gerentes de servicios : Gerentes de centros deportivos, de esparcimiento y culturales.
Managers : Hospitality, retail and other services managers : Other services managers : Sports, recreation and cultural centre managers.

Descripción de la oferta de trabajo:

Gullbring Kulturanlegg AS er eit av Telemarks største og mest nytta kulturanlegg. Anlegget er vitja av nær 220.000 menneskje årleg. Vi driv eige treningssenter, idrettshall, symjeanlegg, konsertsal, kinosal og har 10 andre ulike større og mindre møterom. Det heile bindas saman med ein stor kafé i lobbyen vår, Framstugo. Vi omset for om lag kr 20 millionar pr. år. Bø kommune, Bø kino og Bø kulturskule held til i Gullbring med sine aktivitetar. Det same gjer HSN, med t.d. undervisning og eksamen. Frisklivssentralen, Telemarkfestivalen, Telemark kulturnettverk og Folkemusikkarkivet har kontor og aktivitetar i Gullbring.

Gullbring Kulturanlegg AS treng ny arrangements- og marknadsleiar frå 1. januar 2018 i 100% stilling. Vi søkjer ein omgjengeleg og aktiv person som trivs med mange og varierte oppgåver. Arrangements- og marknadsleiaren er ansvarleg for alle arrangement på anlegget, og marknadsføringa av desse.

Hovudoppgåvene inkluderer:

  • Booking- og avviklingsansvar for undervisning, møter, kurs, konferansar, konsertar, teater og andre arrangement i tilknyting til kulturanlegget. Koordinering av trening- og idrettsarrangement i samarbeid med idrettsavdelinga. Planlegge og utforme det årlege kultur- og arrangementstilbodet i Gullbring Kulturanlegg i samarbeid med dagleg leiar.
  • Ansvar for sal og marknadsføring av alle Gullbring Kulturanleggs tilbod. Hjelpe leigetakarar med marknadsføring av deira arrangement. Drifting av alle digitale flater, gullbring.no, lobbyskjermar og sosiale media. Utforming og bestilling av marknadsmateriell og annonsar. Utarbeide årleg marknadsplan i høve til budsjett.
  • Organisere billettsal av eigne og eksterne arrangement.
  • Ansvar for sal av kulturanleggets tenester, bl. a. utleie av lokalar.
  • Leie arrangements- og marknadsgruppe med salskonsulent, teknikarar og arrangementsvertar i deltidsstillingar.
  • Ansvar for arrangementsteknikk, inkl. lys, lyd og A/V-utstyr.
  • Anna administrativt arbeid i samband med leiargruppa i Gullbring Kulturanlegg.

Vi søkjer ein medarbeidar med gode samarbeidsevnar, god kjennskap til kulturfeltet, og vilje til å drive fram prosjekt. Vi har til føresetnad at du har høgskuleutdanning innan kulturfag eller marknadsføring, og at du har gode datakunnskapar. Brei erfaring frå liknande arbeid kan erstatte manglande formell kompetanse.

Vi tilbyr: Lønn etter avtale. God pensjonsordning. Forsikringsordning. Eit godt fagmiljø.

Spørsmål rettast til: Espen Raastad - Dagleg leiar - tlf. 35 06 03 90 / tlf. 484 60 662 eller e-post: espenReemplazar por una arrobagullbring.no

Søknad sendast til e-post: kariReemplazar por una arrobagullbring.no

Servicio de empleo de origen: NAV, Servicios Públicos de Empleo, Noruega.

País del trabajo: Noruega.

Región: Telemark.

Ver 82 ofertas de trabajo en "Telemark" (Noruega).

Fecha de inicio: 16/10/2017.

Nº de vacantes: 1.

Alojamiento facilitado: No.

Traslado incluido: No.

Se requieren cualificaciones profesionales: No.

Salario: 0.0 NOK mínimo y 0.0 NOK máximo (Anualmente).

Cómo solicitar: Otros (véase la descripción).

Empresa: Gullbring Kulturanlegg AS.

Dirección: Gullbringvegen 34 3800 BØ I TELEMARK.

Contacto: Kari Reine Bø

Email: kariReemplazar por una arrobagullbring.no

Teléfono: 35060390.





Ver las 25 ofertas de trabajo de Directores y gerentes : Gerentes de hoteles, restaurantes, comercios y otros servicios : Otros gerentes de servicios : Gerentes de centros deportivos, de esparcimiento y culturales ofertadas.

Ofertas de trabajo similares:

Arrangements- og markedsleiar. Noruega, 16 Oct. 2017.

Museumsleiar. Noruega, 23 Sep. 2017.

100% stilling som leder for Team kulturarv. Noruega, 13 Ago. 2017.

Produsenter. Noruega, 13 Ago. 2017.

Lederassistent / Executive assistant - Munchmuseet. Noruega, 11 Ago. 2017.