Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Médicos generales > 100 % Fast Stilling Som Leiar Ved Vinstra Legekontor

en Español in English auf Deutsch en Français ...

100 % fast stilling som leiar ved Vinstra legekontor

Empleo de Médicos generales en Noruega

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos generales.

Professionals : Health professionals : Medical doctors : Generalist medical practitioners

Descripción de la oferta de trabajo:

Beskrivelse

Vi søker etter leiar i 100 % stilling ved Vinstra legekontor. Kontoret har 7 fastlegeheimlar og 1 Lis1 lege. Det er 6,7 årsverk hjelpepersonell ved kontoret, inkl. leiar. Stillinga er operativ i den forstand at leiar og deltar i hjelpepersonellets daglige driftsoppgåver. Det medisinfaglige ansvaret for legekontoret ligg til kommuneoverlegen.

Helsetenestene i Nord-Fron kommune er i omstilling. Det betyr at gjeldande organisering er under vurdering. Som leiar for legekontoret vil du få muligheit til å påverke og forme framtidas helsetenester i Nord-Fron.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for administrativ drift av legekontoret.

  • Økonomisk delegert ansvar for legekontoret.

  • Personalansvar for alle faste tilsette og vikarar ved legekontoret, leger og hjelpepersonell i tett samarbeid med sektorsjef.

  • Faglig ansvarlig for tenesta som utøvast av hjelpepersonellet.

  • Bindeledd mellom leger og hjelpepersonalet.

  • Kommunens representant i allmennlegeutvalet med fastleger, med støtte frå sektorsjef.

  • Systemansvar for journalsystemet (f.t. SystemX).

  • Kontaktperson og ansvarlig for samhandling med AMK og andre etatar.

  • Innkjøpsansvar av medisinske forbruksvarer.

  • Pasientadministrasjon på telefon, digitale plattformer og fagsystem.

  • Pasienthandtering og særskilt pasientkontakt i saker der pasientar treng noko utover daglig oppgåveløysing.

  • Laboratoriearbeid/prøve taking.

  • Inngå som utøvande del av hjelpepersonellet i ca. 50 % av stillinga.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig relevant helsefaglig høgskoleutdanning, fortrinnsvis sjukepleiar.
  • Relevant erfaring.
  • Ønskelig med leiarerfaring, og evt. leiarutdanning.
  • Gode IT-kunnskapar.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt, og vi ser etter deg som:

  • Gode samarbeidseigenskapar.
  • Kommuniserer godt med både pasientar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Handterer eit hektisk arbeidsmiljø.
  • Evner å prioritere og tenke alternative løysningar.
  • Er opptatt av både struktur, fleksibilitet og god logistikk i oppgåveløysinga.
  • Har ein positiv og serviceinnstilt haldning.

Vi kan tilby

  • Fast stilling i ein framoverlent kommune med dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
  • Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Utviklingsmoglegheiter tilpassa deg og dine ambisjonar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Konkurransedyktig løn.
  • Hjelp med å finne bustad.
  • Flyttegodtgjersle.
  • Barnehageplassgaranti.

Føresetnader / vilkår

  • Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
  • Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
  • Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.

Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.

Søknaden sendes

Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.

Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.

Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.

Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.

Om arbeidsgiveren:

Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 700 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 13 200 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: NORD-FRON KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:257bece5-22ed-4e33-ba6e-aacbef87f578.

Ver las 317 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales : Profesionales de la salud : Médicos : Médicos generales ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: