Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Empleo en Noruega > archivero/archivera > 100% Fast Stilling Som Arkivleiar For Tida Ved Sentraladministrasjonen

en Español in English auf Deutsch en Français ...

100% fast stilling som arkivleiar for tida ved sentraladministrasjonen

Vacante en Vestfold og Telemark (Noruega) de archivero/archivera

Clasificación del trabajo: Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales › Archivistas, bibliotecarios, curadores y afines › Archivistas y curadores de museos › archivero/archivera.

Traducción de la profesión: Professionals › Legal, social and cultural professionals › Librarians, archivists and curators › Archivists and curators.

Descripción de la oferta de trabajo:

Vil du vera med å utvikle sentraladministrasjonen i Tokke kommune med å jobbe med dokumentforvalting og prosjekt med digitalisering.

Vi arbeider aktivt med å utvikle kommunen til det beste for innbyggjarane, tilsette, politikarane, næringsliv og våre tilreisande, og søkjer deg som vil ha ei leiande rolle innan digitalisering og arkivarbeid.

Arkivtenesta har det overordna faglege arkivansvaret for informasjons- og dokumentasjonsforvalting i kommunen. Dette inneber å sørgje for at arbeidet blir gjort på ein god og sikker måte i henhold til gjeldande regelverk. Opplæring, rutineutvikling og arkivfagleg rådgiving overfor saksbehandlar og leiarar er viktige verktøy for å oppnå dette målet.

Arbeidsoppgåver / ansvar

o Leie og vidareutvikle ei funksjonell arkiv- og postteneste i Tokke kommune

o Overordna systemansvar og vedlikehald av arkivsystemet Elements, medrekna administrasjon av brukarrettar og tilgangsstyring

o Følgje med på og vareta krav til datautveksling og data uttrekk frå kommune sitt fagsystem

o Overordna ansvar om support og opplæring når det gjeld arkivfaglege spørsmål

o Overordna ansvar om oppfølging av arkivplan

o Delta i ulike prosjekt i regionen

o Overordna ansvar om lokalene og at de er sikret på en forsvarlig måte, slik at uvedkommende ikke får tilgang til personopplysninger lagret i arkiv

o Risikovurderinger i arkiv

o Overordna ansvar for at data og dokumenter blir klassifisert og lagre etter gjeldende retningslinjer.

o Ansvarlig om digitalisering og kontaktperson i Vestfold-Telemark digitaliseringsnettverk

Om deg:

o Du har relevant utdanning på minimum bachelor nivå, fortrinnsvis innan arkiv og dokumentbehandling

o Du har god digital kompetanse, systemforståing og god kunnskap innan fullelektroniske arkiv (fortrinnsvis Elements) og dokumenthandtering

o Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team, er kvalitetsmedviten og systematisk

o Du er serviceinnstilt, bidrar til eit godt arbeidsmiljø og har ein positiv innstilling til andre medarbeidarar

o Du er motivert for, og har evne til å tileigne deg nye oppgåver og kunnskap

o Du er løysingsorientert og fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver

o Du har gode gjennomføringsevne og klarer å sjå samanhengen mellom arkiv og andre prosessar i kommunen

o Du er fagleg nysgjerrige og liker å halde deg oppdaterte, samtidig som det er naturleg for deg å dele kunnskap med dei rundt deg

o Du har god evne til å formidle informasjon

o Fint om du også har erfaring frå offentleg forvalting

o

Personleg eignahet for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

o Spennande stilling i Tokke kommune

o Arbeidsdagar med dyktige og glade kollegaer

o Fleksibel arbeidstid

o Medlemskap i pensjonsordning frå KLP

o Lønn i henhold til gjeldande tariffavtale.

o Billig straum om du buset deg i Tokke kommune

Tokke kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.

For nærare informasjon ta gjerne kontakt med organisasjonssjef Niina Laaksonen på tlf. 988 38 339.

For stillinga gjeld:

Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.

Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn på www.tokke.kommune.no ledige stillingar. Dette skal fyllast ut så fullstendig som mogleg.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfodring eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknadsfrist: 17. juni 2022.

Om arbeidsgiveren:

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.

Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.

E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.

Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.

País del trabajo: Noruega.

Región: Vestfold og Telemark.

Ver 474 ofertas de trabajo en "Vestfold og Telemark" (Noruega).

Número de puestos: 1.

Empleador: TOKKE KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 17 de Junio de 2022, y con identificador de la vacante:5cb403d1-7627-4229-ad67-09071ef2aa4a.

Ver las 14 ofertas de trabajo de Profesionales científicos e intelectuales › Profesionales en derecho, en ciencias sociales y culturales › Archivistas, bibliotecarios, curadores y afines › Archivistas y curadores de museos › archivero/archivera ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: