Ir a la versión más ligera, para móviles

Europeos.es : Inicio > Trabajo en Noruega > Trabajadores de los cuidados personales en instituciones > ønsker Du Ei Helsefagarbeidarstilling Med Meiningsfullt Arbeid?

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Ønsker du ei helsefagarbeidarstilling med meiningsfullt arbeid?

Oferta de trabajo de Trabajadores de los cuidados personales en instituciones en Noruega

Clasificación del trabajo: Trabajadores de los servicios y vendedores de comercios y mercados : Trabajadores de los cuidados personales : Trabajadores de los cuidados personales en servicios de salud : Trabajadores de los cuidados personales en instituciones.

Service and sales workers : Personal care workers : Personal care workers in health services : Health care assistants

Descripción de la oferta de trabajo:

Omtale av arbeidsstaden

Heimesjukepleia i Midt-Telemark kommune, avdeling Bø, høyrer til eininga Open omsorg. I heimesjukepleia jobbar du både ute i kommunen og i omsorgsbustader.

Vi nyttar fagdatasystemet Profil i forhold til all dokumentasjon rundt brukarane, og bemanningsverktøyet Notus i forhold til turnusarbeid, timelister etc.

Complio blir brukt i høve til avvik.

Kort om stillinga

I avd. heimesjukepleia er det ledig ei 85 % fast helsefagarbeidarstilling. Stillinga er med arbeid tredje kvar helg. Moglegheiter for arbeid fjerde kvar helg med langvakter.

I heimesjukepleia arbeider ein både ute i kommunen heime hos pasientar og i kommunale omsorgsboligar.

Vi nyttar mobil omsorg og digitale arbeidslister.

I heimesjukepleia jobbar tilsette i team og sjølvstendig.

Fag og samarbeid er viktig i avdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • bidra til å realisere heimesjukepleia sine mål og planar
  • Medisinering / oppfølging av multidose eller dosett
  • Kartlegge, utarbeide, gjennomføre, evaluere og dokumentere tiltaksarbeid
  • dokumentasjon i pasientens journal
  • legge til rette for godt samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
  • pleie til pasientar med sammensatte behov
  • aktivt arbeide med velferdsteknologi

Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
  • Fagleg engasjert
  • God kjennskap til bruk av data som verktøy. Vi brukar Visma Profil som EPJ.
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og muntleg
  • Ha førerkort klasse B

Personlege egenskapar

Vi ønskjer oss søkjerar som

  • har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er strukturerte, endringsvillig, løysingsorientert, og like å halde deg fagleg oppdatert
  • er opptatt av tverrfagleg samarbeid og faglig utvikling
  • som er fleksibel og omstillingsdyktig
  • du må ha eit genuint ønske om å lage best mulige dagar for dei som nytter tjenester hos oss.
  • du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tålmodighet til å kunne tåle psykiske og fysiske krevande utfordringar.
  • evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø.

Anna

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.

Særskilt for stillinga

Krav om politiattest jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Må leverast før oppstart i stilling.

E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling.

Førarkort kl. B

Vi tilbyr

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Søknaden sendast

Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".

Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.

Om arbeidsgiveren:

Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg. Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.

País del trabajo: Noruega.

Número de puestos: 1.

Empleador: HEIMESJUKEPLEIE AVD BØ - MIDT-TELEMARK KOMMUNE.

Instrucciones para solicitar:

Identificador de la vacante:bb465339-885a-4832-8060-cdba87e7b362.

Ver las 1,595 ofertas de trabajo de Trabajadores de los servicios y vendedores de comercios y mercados : Trabajadores de los cuidados personales : Trabajadores de los cuidados personales en servicios de salud : Trabajadores de los cuidados personales en instituciones ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: